Nederland
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ikkje noko | |||||
Offisielle språk | Nederlandsk, frisisk | ||||
Hovudstad | Amsterdam, men regjeringa sit i den Haag | ||||
Styresett |
Konstitusjonelt monarki Dronning Beatrix Jan Peter Balkenende |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
41 526 km² (135.) 18,41 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
16 407 491 (58.) — 395/km² (15.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Godkjend (av Spania |
26. juli 1581 30. januar 1648 (Sjå Åttiårskrigen) |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
498 703 mill. USD (24.) 30 363 USD (15.) |
||||
Valuta | Euro | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Wilhelmus van Nassouwe | ||||
Nasjonaldag | 30. april | ||||
Internasjonal telefonkode | +31 | ||||
Nasjonale toppdomene | .nl | ||||
Kongeriket Nederland eller berre Nederland er eit lite, men tett befolka land nordvest i Europa. Det har kyst mot Nordsjøen og grenser i tillegg til Tyskland og Belgia. Landet blir ofte kalla Holland, men dette er bare to av provinsane i Nederland (Noord og Zuid Holland).
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Under den tysk-romerske keisaren og spanske kongen Karl V var området ein del av Dei sytten nederlandske provinsane, der òg størsteparten av dagens Belgia var med. Etter at åttiårskrigen hadde halde på i ti år erklærte dei nordlege provinsane sjølvstende i 1579 og danna Utrecht-unionen, som la grunnlaget for det moderne landet Nederland. Filip II, sonen til Karl, hadde ikkje tenkt å la dei sleppa så lett, og Spania godkjende ikkje nederlandsk sjølvstende før Filip IV gjorde dette i 1648.
Republikken av dei sju sameinte Nederlanda vaks til å bli ei av dei største maktene innan sjøfart og handel i det 17. hundreåret. Landet etablerte koloniar og handelsstasjonar over heile verda i denne perioden, som blir kalla den nederlandske gullalderen.
I nokre år var Nederlanda del av Napoleon sitt franske keisardøme, men i 1815 vart Kongeriket Nederlanda, som inneheldt alle dei tre Benelux-landa, danna. Belgia gjorde opprør og fekk sjølvstende i 1830, medan Luxemburg trakk seg ut då Vilhelmina II blei dronning i 1890, på grunn av ulike tronarvelovar.
Nederland hadde fleire koloniar, som Nederlandsk Ostindia, det moderne Indonesia, og Surinam. Innvandrarar frå desse landa har sett sitt preg på landet, mellom anna med etestader som serverer mat frå heimlanda deira i dei fleste nederlandske byane.
[endre] Politikk
[endre] Administrativ inndeling
Nederland er inndelt i 12 provinsar (provincies):
Navn | Hovudstad | Areal (km²) | Folketal (2005) |
---|---|---|---|
Drenthe | Assen | 2 642 | 483 200 |
Flevoland | Lelystad | 1 419 | 365 300 |
Friesland | Leeuwarden | 3 349 | 643 000 |
Gelderland | Arnhem | 4 975 | 1 971 000 |
Groningen | Groningen | 2 336 | 575 200 |
Limburg | Maastricht | 2 153 | 1 136 000 |
Noord-Brabant | 's-Hertogenbosch | 4 919 | 2 411 000 |
Noord-Holland | Haarlem | 2 670 | 2 595 000 |
Overijssel | Zwolle | 3 327 | 1 109 000 |
Utrecht | Utrecht | 1 386 | 1 171 000 |
Zeeland | Middelburg | 1 788 | 379 900 |
Zuid-Holland | Haag | 2 818 | 3 452 000 |
[endre] Klima
Nederland er kjend for kanalane og vindmøllene sine, men landet er verken spesielt fuktig eller vindfullt. Det er hovudsakleg kystområda som har noko vind å snakke om, og dei kan om vinteren få storm når lågtrykka går inn over Nordsjøen. Dei indre områda har derimot lite vind, og i middel har Utrecht mindre vind enn Paris. Vinden merkar ein likevel mest om vinteren når temperaturane ligg like over frysepunktet. Den fuktige lufta gjer sitt til at det kjennest enno kaldare enn det er.
Nederland er flatt og har ingen store fjellkjeder aust eller sør for seg, så landet er òg utsett for den kalde Sibirlufta frå aust om vinteren. Desse kuldeperiodane kan vare fleire veker, og kanalane kan fryse til. Dei er derimot mest vanleg i nordaustlege delar av landet, mot grensa av Tyskland. Delar av Nederland ligg lågare enn havoverflata, og er berre verna av dikene på kysten og i kanalane. Ved særs kraftig uvêr i Nordsjøen har dette tidlegare ført til stormflod og store flaumkatastrofar, den siste var Nordsjøflaumen i 1953.
Nærleiken til Nordsjøen hindrar som regel høge temperaturar om sommaren, men når den sørlege kontinentallufta strøymer nordover kan det bli varmt sjølv på kysten. Dei sørvestlege kystområda får som regel mest nedbør om hausten, men dei våtaste områda i Nederland er nasjonalparken Hage Veluwe som har 800-900 mm i året.
Vest-Europa |
Belgia | Frankrike | Republikken Irland | Luxembourg | Nederland | Storbritannia |
Den europeiske unionen (EU) og EØS-området: Austerrike | Belgia | Bulgaria | Danmark | Estland | Finland | Frankrike | Hellas | Irland | Italia | Republikken Kypros | Latvia | Liechtenstein | Litauen | Luxembourg | Malta | Nederland | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Tsjekkia | Tyskland | Storbritannia | Sverige | Ungarn |
Berre EØS: Island | Liechtenstein | Noreg |
Den nordatlantiske traktat-organisasjonen (NATO) | |
---|---|
Belgia | Bulgaria | Canada | Danmark | Estland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Latvia | Litauen | Luxembourg | Nederland | Noreg | Polen | Portugal | Romania | Slovakia | Slovenia | Spania | Storbritannia | Tsjekkia | Tyrkia | Tyskland | Ungarn | USA |
Schengenlanda |
---|
Belgia | Danmark | Finland | Frankrike | Hellas | Island | Italia | Luxembourg | Nederland | Noreg | Portugal | Spania | Sverige | Tyskland | Austerrike |