Gråsona
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråsona er no den siste uavklarte grensa Noreg har, etter at Noreg og Danmark/Grønland vart samde om grensa mellom Svalbard og Grønland i 2006. Den siste norske grensa til lands vart trekt i 1826, mellom Noreg–Sverige og Russland. Men grensa til havs mellom Noreg og Russland er enno ikkje avklart. I dag er grensa regulert gjennom ein avtale om gråsona.
[endre] Konflikten
Det omstridde området i Barentshavet dekkjer 155 000 kvadratkilometer hav med viktige fiskeressursar og med potensiale for utvinning av olje og gass. Det står med andre ord store økonomiske verdiar på spel i forhandlingane mellom Noreg og Russland. Både Noreg og Russland innførte 200 mils økonomisk sone i 1976. Noreg meinte den gongen at grensa mellom dei to sonene skulle følgje midtlinjeprinsippet, altså ei linje som går midt mellom territoriet til dei to statane. Russland meinte at skiljelinja skulle følgje sektorprinsippet, altså ei linje trekt frå grensa i Varangerfjorden og rett til polen. I 1978 vart Noreg og Russland samde om ein gråsoneavtale for å kunne ha kontroll med fisket i det omstridde området. Gråsona ligg i den sørlege enden av det omstridde området og dekkjer 67 000 kvadratkilometer. Gråsona dekkjer berre ein liten del av det omstridde området, og i tillegg ligg 22 000 kvadratkilometer (tilsvarer Oppland fylke) av gråsona på det som er uomstridt norsk område, medan gråsona berre dekkjer 3000 km2 av det som er uomtvista russisk område. Gråsoneavtalen gjeld berre for eit år om gongen, men har blitt forlenga kvart einaste år etter at avtalen vart inngått.
[endre] Folkeretten
Havrettstraktatens artikkel 15 og Genevekonvensjonen av 1958 fastslår at midtlinjeprinsippet skal vere det normale når ein skal strekkje grenser til sjøs. Ut frå dette står det norske kravet på trygg folkerettsleg grunn. Det er i traktatane opna for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet om spesielle omsyn talar for det. Usemja mellom Noreg og Russland handlar om kor vidt det finst spesielle omsyn. Russland viser til at dette er i polområda og at Russland allereie i 1926 gjorde krav på øyer i havet nord for Russland ut frå sektorprinsippet. Det er dermed ikkje eit opportunistisk krav laga i denne samanhengen. Også Canada legg tilsvarande prinsipp til grunn i si forståing av grensene i nord. Det kan og vere verd å peike på at krava i Antarktisk (med unntak av det norske) blir avgrensa av rette sektorlinjer trekt mot polen. Det kan og leggjast vekt på at det bur fleire på russisk side av grensa enn på norsk side. Sett frå norsk side understrekar dette behovet for å halde oppe folketalet i Nord-Noreg og Finnmark spesielt.
Det har frå norsk side vore eit sterkt ønske om å oppnå semje med Russland om grensa til sjøs. Det blir sett på som tryggare med klart definerte grenser mot den store naboen vår. Frå Russland har ikkje dette ønsket vore like sterkt. Det heng mellom anna saman med at Gråsona går langt inn i norsk område, men også ei langsiktig haldning frå russisk side med ønske om fellesstyre i nord, såkalla kondominium. Dette er spesielt i høve til Svalbard, men gjev seg nok og utslag med omsyn til Gråsona.