Grøn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grøn er fargen på gras. Det er altså ein farge og er soleis ein del av fargespektret. Den grøne delen av spektret reknar ein om lag frå 490 til 570 nanometer. Grøn er ein sers vanleg farge i naturen av di klorofyllet i plantane er grønt. Namnet til fargen sjølv har samband med naturen. Ordet grøn kjem endeleg frå den urgermanske rota *grô- "veksa" som me også har fått orda gro og gras frå.
Grøn er ein av dei tre additive primærfargane (raud, grøn og blå), komplementet til magenta. I estetikken reknar ein grønt til dei kalde fargane.
Medan norsk skil mellom fargane grøn og blå, er det mange språk som ikkje gjer det. Vietnamesisk bruker til dømes ordet xanh om både blå og grøn. Dersom dei vil skildra fargen nøyare, kan dei seia "xanh som himmelen" eller «xanh som blada». Også i språk som skil mellom dei to fargane kan det vera skilnader på kor ein set grensa. Er til dømes turkis blå eller grøn?
Innhaldsliste |
[endre] Symbolikk
[endre] Politisk
Den grøne fargen er viktig i symbolbruken til dei fleste miljørørsler, og politiske parti som legg miljø og økologi til grunn for arbeidet sitt; til dømes Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet dei Grøne.
[endre] Religiøst
Grønt blir ofte brukt som symbol for islam. Dette kan ha fleire grunnar. Først og framst var feltflagget til Mohammed grønt. Seinare brukte etterkomarane hans grøne turbanar, og var dei einaste som fekk bruka desse. Grønt er òg assossiert med Paradiset i islam - når ein ser for seg det arabiske ørkenlandskapet, er det lett å skjøna kvifor.
Flagg med minst 50 % grøn botnfarge inkluderer organisasjonsflagga for Den arabiske ligaen og Den islamske konferansen og nasjonalflagga for dei hovudsakleg muslimske landa Afghanistan, Algerie, Bangladesh, Mauritania, Pakistan, Saudi-Arabia og Turkmenistan. Det libyske flagget er heilt grønt.
I den kristne kyrkja er grøn ein av dei liturgiske fargane. Han blir brukt som normalfarge, for å symbolisera håp og vekst.
[endre] Nasjonalt
Grønt er fargen til øya Irland, som gjerne blir kalla smaragdøya på grunn av dei mange grøne markene sine. Fargen blir brukt både av Republikken Irland, til dømes på postkassar, og av utvandra irar, som på St. Patrick-dagen.
Kategoriar: Farger | Sentrumsparti | Miljøvern | Islam | Irland