Libya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: | |||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||
Hovudstad | Tripoli | ||||
Styresett Statssjef
President |
Republikk Muammar Al Gadhafi Zentani Muhammad az-Zentani |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 759 540 km² (16.) 0 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
5 765 536 (103.) — 3,2/km² (183.) |
||||
Sjølvstende Frå Italia |
24. desember 1951 |
||||
BNP - Totalt (2003) - Per innbyggjar |
19 131 mrd. USD (71.) USD (.) |
||||
Valuta | Libysk dinar (LYD) | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | Allahu Akbar (Gud er stor) |
||||
Nasjonaldag | 1. september (revolusjonsdagen) |
||||
Internasjonal telefonkode | +218 | ||||
Nasjonale toppdomene | .ly | ||||
Libya (Den libyske arabiske jamahiriya eller Den sosialistiske arabiske folkerepublikk Libya) ligg i nord-Afrika og har kyst mot Middelhavet mot nord og grense mot Egypt i øst, Sudan i søraust, Tchad og Niger i sør og Algerie og Tunisia i vest.
[endre] Historie
I hellenistisk tid vart Libya nytta om heile Nord-Afrika vest for Egypt. Tre tradisjonelle delar av landet var då Tripolitania, Fezzan og Cyrenaica.
Historie Tripoli og Cyrenaica var romerske kolonier og vart tatt av arabiske muslimer på 600-talet.
Etter andre verdskrigen vart Libya gitt sjølvstende i desember 1951 som en forutsetning for den allierte fredsavtalen med Italia.Landet vart kongedøme under kong Idris 1. Siden 1969 har Libya vært styrt av Muammar Al Gadafi, som kom til makten gjennom et kupp og avsatte den libyske kongen mens han var på kurupphald i Tyrkia.
15. april 1986 vert nær 100 mennesker drepne når amerikanske fly bomber mål i den libyiske hovudstaden Tripoli og i Benghazi-regionen. Libya's leidar oberst Gaddafi mista sjøl sin adoptivdotter Hanna Gaddafi i angrepet.
Dei sameinte nasjonane innførte sanksjonar mot Libya i 1992 etter at Pan Am Flight 103 styrta i Lockerbie-katastrofen. Sanksjonane vart fjerna den 12. september 2003, etter at Libya påtok seg ansvaret og å betale 2,7 milliarder amerikanske dollar (USD) til familiene til deim som døydde i styrten.
Den 19. desember 2003 innrømmet Libya å ha ABC-våpen program og offentleggjorde samtidig sin intensjon om å øydeleggje alle eksisterande ABC-våpen og få inspeksjonar for å verifisere øydeleggjinga. Libya besluttet også å begrense seg til langdistanserakettar med 300 km rekkevidde. Offentliggjeringa kom etter hemmelege diplomatiske forhandlingar med Storbritannia og Dei Sameinte statar siden mars 2003.
USA avsluttet i 2004 sin handelsboikott av landet, som vart innført i 1986. 15. mai 2006 vart det kjend at USA gjenupptar diplomatiske forbindelser med landet for fyrste gong siden 1980.
[endre] Klima
Kystområda av Libya har middelhavsklima og kan få litt nedbør om vinteren i samband med lågtrykk. Sidan lågtrykksaktiviteten varierar frå år til år, vil òg regnmengdene variere. Langs kysten av Sidrabukta, mellom Misurata og Benghazi regnar det enno mindre, slik at ørkenområda når heilt ut til kysten.
Det våtaste område av landet er åsane og platået Jebel Akdhar (Det grøne fjellet) mellom Benghazi og Derna, som kan få så mykje som 600 mm kvart år. Tripoli har ein årleg nedbørsnormal på 384 mm. 100-150 km inn frå kysten fell nedbørsmengdene til under 100 mm og mindre kvart år, og enkelte stader regnar det nesten ikkje i det heile tatt. Dei fleste stader i Sahara kjem eventuelt regn så uregelmessig at nedbørsnormalen i praksis er lik null. Sommaren gjev svært høge temperaturar i ørkenområda, og varme dagar om vinteren. Kysten av Libya kan av og til bli råka av ein svært varm og støvete vind frå ørkenen som fører til svært høge temperaturar, ofte over 50 ºC ein dag og to. Dette er det same vindfenomenet som vert kalla khamsin i Egypt. Det lokalet namnet i Libya er derimot ghibli.
Den høgaste temperaturen som er målt nokon gong, vart målt i Libya. Rekorden er på 57,7 ºC målt i Al 'Aziziyah den 13. september 1922.
Nord-Afrika |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |