Turkmenistan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | turkmensk | ||||
Hovudstad | Asjkhabad | ||||
Styresett |
Republikk Gurbanguly Berdimuhammedow |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
488 100 km² (52.) Ubetydeleg |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
4 952 081 (112.) — 10/km² (173.) |
||||
Sjølvstende - Erklært |
Frå Sovjetunionen 27. oktober 1991 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
39,458 mrd. USD (87.) 7 854 USD (76.) |
||||
Valuta | Turkmensk manat | ||||
Tidssone | UTC +5 | ||||
Nasjonalsong | Garaşsyz, Bitarap,Türkmenistanyň Döwlet Gimni | ||||
Nasjonaldag | 27. oktober | ||||
Internasjonal telefonkode | +993 | ||||
Nasjonale toppdomene | .tm | ||||
Turkmenistan er eit land i Sentral-Asia. Det grensar til Afghanistan, Iran, Kasakhstan, Usbekistan og Kaspihavet.
Turkmenistan var eit diktatur fram til desember 2006, då den sjølvutnemnde livstidspresidenten Saparmurat Nijazov døydde. Han styrte løandet saman med det tidlegare kommunistpartiet i landet, som er det einaste tilletne. Presidenten vart dyrka gjennom avbildingar og statuar, medan dei to bøkene hans er pensum i skulen. Reiser og kommunikasjon, til dømes media, er underlagde streng kontroll.
[endre] Klima
Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i landet. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Karakumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Dei mest støvete områda er dei sentrale områda av Turkmenistan, som kan ha 60 eller fleire slike dagar i året. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 ºC. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behaglege temperaturar, mykje sol og lite nedbør. Asjgabat har ein årleg nedbørsnormal på 228 mm.
Sentral-Asia |
Aserbajdsjan | Kasakhstan | Kirgisistan | Mongolia| Turkmenistan |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |