Grevinnen og hovmesteren
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grevinnen og hovmesteren (engelsk tittel The 90th Birthday, or Dinner for One, stundom berre Dinner for One eller The Butler and the Countess) er ein svart-kvit kortfilm produsert av Norddeutscher Rundfunk (nordtysk kringkasting) i 1963 som NRK fjernsyn sender kvart år på vesle jolaftan, og som har blitt ein joletradisjon for svært mange nordmenn. I Tyskland er han òg en tradisjon, men vert vist på nyttårsaftan.
Filmen er ein komedie som handlar om grevinna Miss Sophie (spelt av May Warden) som får servert middag på nyttårsaftan av hovmeistaren James (spelt av Freddie Frinton). Rundt bordet sit dei imaginære gjestane Sir Toby, Admiral von Schneider, Mister Pomeroy og Mister Winterbottom.
Manuskriptet til filmen er eit Broadway-skodespel opphavleg frå London, skrive av Lauri Wylie og urframført i 1948. I Storbritannia er imidlertid kortfilmen ukjend.
Det mest kjende sitatet frå filmen er: Same procedure as every year, James!
Ei undersøking firmaet UPC har gjort i 2004, viser at nesten sju av ti nordmenn (68,3%) «må» setja seg og sjå dette programmet kvelden før jolaftan. I 2003 vart programmet sett av 1,4 millionar sjåarar.