Guden Saturn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saturn var den romerske guden for jordbruk, særlig såing. Han var først ein relativt uviktig gud for dei fleste romarane, men populariteten vaks då han blei identifisert med greske guden Kronos, og plutseleg blei ein tidlegare gudekonge. Saturn overtok fleire av mytene kring Kronos. Laurdagen er kalla opp etter han i mange kulturar, til dømes engelsk Saturday.
Høgtida til Saturn var Saturnalia, som fann stad den 17. desember og utover. Eit tempel til Saturn, som er eitt av dei eldste templa i Roma, låg i Forum Romanum.
Saturn var gift med anten gudinna Ops eller Magna Mater. Han var far til Jupiter, Ceres, Juno, Veritas og mange fleire. Ei legende seier at han vart jaga heimanfrå av Jupiter og måtte søka tilflukt hos Janus i Latium. Der lærte han innbyggjarane å dyrka jorda og laga vin, og introduserte ein gullalder av fred, rikdom og lykke for dei. Saturnalia vart feira for å minnast denne tida. Legenden var opphavleg fortald om greske Kronos, men skal òg ha vore brukt som forklaring på korleis Saturn kom frå Hellas til Romarriket.
Saturn var rekna som far til dei same gudane som greske Kronos. I tillegg var han far til Veritas.