Guru Har Rai
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sikhismen |
Sikh-guruar |
1. Guru Nának |
2. Guru Angad Dev |
3. Guru Amar Das |
4. Guru Ram Das |
5. Guru Ardjan Dev |
6. Guru Har Gobind |
7. Guru Har Rai |
8. Guru Har Krisjan |
9. Guru Teg Bahadur |
10. Guru Gobind Singh |
Skrifter |
Guru Granth Sáhib |
Bani - «Tjaupai» |
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib» |
«Mul Mantra» - «Sukhmani» |
Dasam Granth |
Religionsfilosofi |
Nám djapo (Gudsteneste) |
kirat karni (ærleg arbeid) |
vand kay sjako (del goda) |
tru - etikk - moral |
Dei fem K-ane |
kesj (uklipt hår) |
kaṛa (stålarmband) |
kangha (stålkam) |
katjha (knesid underbrok) |
kirpán (sabel, evt. dolk) |
Heilage stader |
Amritsar |
Harmandir Sáhib («Det gylne tempelet») |
gurdvara |
Folk og språk |
Panjab - panjabi |
sikhar - gurmukhiskrift |
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Indoiranske religionar |
parsisme - hinduisme |
djainisme - buddhisme |
sikhisme - bahá’í |
Guru Har Rai dji (26. februar 1630—30. mai 1661) var den sjuande av dei ti sikh-guruane og vart guru den 8. mars 1644 som etterfølgjar etter bestefar sin, guru Har Gobind dji. Føre guru Har Rai dji døydde, utnemnde han guru Har Krisjan dji, sonen sin, som den neste sikh-guruen.
Dette er eit oversyn over dei viktigaste høgdepunkta i livet åt guru Har Rai dji:
- Som barn tok han seg nær av lidinga han påførte plantar når han uviljande øydela dei med kappa si.
- Han fortsette dei militære tradisjonane som bestefar hans, guru Har Gobind dji, starta.
- Han hadde alltid 2 200 ståande soldatar.
- Han reiste fleire gonger til Malva og Doaba-distrikta i Panjab.
- Det blir sagt at da sonen hans, Ram Rai, framførte ein bani feil framføre mughal-keisaren Aurangzeb, så forsvann han og vart aldri sett att. Guru Har Rai dji skal ha sagt: «Ram Rai, du har trassa ordren min og synda. Eg vil aldri sjå deg att på grunn av utruskapen din.»
Guru Har Rai dji utnemnde den andre sonen sin, guru Har Krisjan dji, til guru da han var berre fem år gammal.