Panjabi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Panjabi (ਪੰਜਾਬੀ / پنجابی) |
||
Klassifisering: | Indoeuropeisk Indoiransk |
|
Bruk | ||
Tala i: | India, Pakistan og andre land med emigrantar fra Panjab | |
Område: | Panjab | |
Panjabitalande i alt: | 27 125 000 (austlege, som morsmål)
78 000 000 (vestlege, som morsmål) |
|
Rangering: | 11. største språket i verda | |
Skriftsystem: | Gurmukhi, sjahmukhi, devanagari | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i: | Panjab, India | |
Normert av: | - | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1: | pa | |
ISO 639-2: | pan | |
SIL | / PNB / PMU PNJ / PNB / PMU |
Språket panjabi (panjabi ਪੰਜਾਬੀ [Paṃjābī]), nokre gonger skrive punjabi, høyrer til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Panjab-regionane i India og Pakistan. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdast ellevte mest tala språk.
Panjabi er det heilage språket i sikhismen og det er det viktigaste språket for populærmusikksjangeren bhangra.
Panjabi kan skrivast med tre ulike skriftsystem: Gurmukhi, som er spesiallaga for språket, sjahmukhi, som er ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, og devanagariskrift, som òg blir brukt for hindi.
Innhaldsliste |
[endre] India
Panjabi er det offisielle språket i den indiske staten Panjab og blir òg tala i granneområde som Haryana og Delhi.
[endre] Pakistan
Sikhismen |
Sikh-guruar |
1. Guru Nának |
2. Guru Angad Dev |
3. Guru Amar Das |
4. Guru Ram Das |
5. Guru Ardjan Dev |
6. Guru Har Gobind |
7. Guru Har Rai |
8. Guru Har Krisjan |
9. Guru Teg Bahadur |
10. Guru Gobind Singh |
Skrifter |
Guru Granth Sáhib |
Bani - «Tjaupai» |
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib» |
«Mul Mantra» - «Sukhmani» |
Dasam Granth |
Religionsfilosofi |
Nám djapo (Gudsteneste) |
kirat karni (ærleg arbeid) |
vand kay sjako (del goda) |
tru - etikk - moral |
Dei fem K-ane |
kesj (uklipt hår) |
kaṛa (stålarmband) |
kangha (stålkam) |
katjha (knesid underbrok) |
kirpán (sabel, evt. dolk) |
Heilage stader |
Amritsar |
Harmandir Sáhib («Det gylne tempelet») |
gurdvara |
Folk og språk |
Panjab - panjabi |
sikhar - gurmukhiskrift |
Abrahamittiske rel. |
Jødedom kristendom |
islam bahá’í sikhisme |
Indoiranske religionar |
parsisme - hinduisme |
djainisme - buddhisme |
sikhisme - bahá’í |
Sjølv om kring halvparten av innbyggjarane i Pakistan har panjabi som morsmål, har språket ikkje offisiell status der og blir heller ikkje bruka i utdanninga. Panjabi-språklege pakistanarar brukar vanlegvis anten urdu eller engelsk i formelle samanhengar som offentleg styring, aviser og utdanning. Dette har ført til ein del misnøye blant det panjabi-språklege fleirtalet i Pakistan — eit fleirtal på 60% om ein reknar med den nærskylde dialekten siraiki som blir tala kring den historiske byen Multan.
[endre] Andre land
Panjabi blir tala som innvandrar- og minoritetsspråk i mange land, inkludert Afganistan, Storbritannia, USA og, ikkje minst, Canada: I Canada er panjabi det sjette største språket med 271 220 menneske som brukar det som daglegspråk.
[endre] Sikhismens heilage språk
Panjabi er det heilage språket i sikhismen, og sikhanes heilage skrift Guru Granth Sáhib er hovudsakleg skriven på panjabi og med gurmukhiskrift.
[endre] Bruk i bhangramusikken
Den populære populærmusikksjangeren bhangra, som i dei siste åra har vorte svært populær både i Sør-Asia og andre stader, har i all hovudsak tekster på panjabi.
[endre] Viktige forfattarar
- Waris Shah
- Jaka Shah
- Bulleh Shah
- Hashim
- Sultan Bahu
- Shiv Kumar Batalvi
- Amrita Pritam
- Kartar Duggal
- Mohan Singh
- Pash
- Sahin Nashin Jahui
- Gurbaksh Singh Preetlari
- Nanak Singh
- Ilyas Ghumman
- Saadat Hasan Manto
- Surjit Patar
- Bhai Veer Singh
- Dhani Ram Chatrik
- Gurdial Singh
- Sohan Singh Seetal
- Sant Singh Sekhon
[endre] Sjå òg
- Panjabi-forfattarar
- Panjabi-diktarar
- Panjabi-musikarar
[endre] Eksterne lenkjer
- A look at the variety on offer in panjabi language and culture
- Punjabi dictionary
- Punjabi Computing Resource Centre
- Academy of the Punjab In North America (APNA)
- Free online Diaspora Punjabi (Gurmukhi) lessons
- Learn Gurmukhi - Sound and Graphics
- Punjabi Language and Literature
- Peoples and Languages in Pre-Islamic Indus Valley
- Ethnologue - Languages of India
- Ethnologue - Languages of Pakistan
Indoariske språk |
assamesisk | bengali | gujarati | hindi | kashmiri | maithili | nepali | oriya | pali | panjabi | romanés | sanskrit | sindhi | singalesisk | urdu |
Kategoriar: Indoariske språk | Språk i India | Språk i Pakistan | Tonespråk | Sikhisme | Sikhar | Panjabi | Panjab