Høyland i Sandnes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høyland er eit område i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Tidlegare har området vore ein eigen kommune. Høyland kommune vart oppretta som Høyland formannskapsdistrikt i 1837.
Den 6. april 1861 vart Høyland kommune delt i to då Sandnes vart skild ut som eigen kommune. Høyland hadde 3 376 innbyggjarar etter frådelinga.
Den 1. januar 1912 vart ein del av Høyland med 41 innbyggjarar overført til Hetland kommune.
1. januar 1957 vart ein del av Høyland med 18 innbyggjarar overført til Sandnes kommune.
1. januar 1965 vart Høyland kommune som då hadde 20.353 innbyggjarar, slegen saman med det meste av Hetland og Høle kommunar i tillegg til Sandnes kommune til den nye Sandnes kommune.