Hans Heiberg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Heiberg (fødd 1904 i Kristiania (Oslo), død 1978) var ein norsk kritikar, forfattar og teatersjef.
Han var utdanna Cand.jur. i 1927. I fleire år arbeidde han som utanrikskorrespondent, frå 1931 til 1940 var han litteraturkritikar i Arbeiderbladet og frå 1945 til 1952 arbeidde han som litteratur- og teaterkritikar i Verdens Gang. I VG var han også kulturredaktør. Frå 1952 til 1973 var han sjef for NRK Radioteatret, og frå 1946 1965 var han formann i Den Norske Forfatterforening der han gjorde eit stort arbeid for å betra forfattarane sine kår. Han var også formann i styret til Riksteatret frå 1949 til 1968. Han gav ut to skjønnlitterære bøker og skreiv også skodespel og nokre kunstnarbiografiar, mellom anna Ibsenbiografien ...født til kunstner som han vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris for i 1969 og fekk Bokhandlarprisen for i 1968. Boka har kome i mange nyutgåver, seinast i 2003, og ho vart også omsett til svensk og engelsk.
[endre] Bøker
- 1931 Gutten i jacket, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1934 Ta den ring og la den vandre, roman (Aschehoug, Oslo)
- 1950 Peilinger : artikler om nitten norske skribenter (Aschehoug, Oslo)
- 1967 ...født til kunstner: et Ibsen-portrett (Aschehoug, Oslo)
- 1972 Så stort et hjerte : Henrik Wergeland (Aschehoug, Oslo)
- 1974 Thomas Kingo: Som den gyldne soel frembryder, i utvalg ved Hans Heiberg.
[endre] Skodespel
- 1945 Broen (Aschehoug, Oslo)
- 1946 Minnefesten (Aschehoug, Oslo)
Eg er berre ei spire med tankar få eg veks berre til om du fyller på |
![]() |
Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide denne spira.. |
Oversyn over litteraturspirer. |