Heilage tre kongar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heilage tre kongar er skapte i legendane, ut frå forteljinga i evangeliet etter Matteus, 2. kapitlet, om nokre vismenn frå Austerland som kom for å hylle Jesus.
På 500-talet kjenner vi namna Kaspar — konge av Persia, Melkior — konge av Nubia og Baltasar — konge av Saba. Melkior vart gjerne avbilda med raudbrun hud, Baltasar som ein neger. Slik vart dei tre kongane sett som eit bilete på at også heidningefolka skulle hylle Frelsaren.
6. januar, eller trettande dag jul, er heilage tre kongars dag. Dagen var heilagdag fram til festdagsreduksjonen i 1771 og vart halde som slenghelg, ein dag då tenarane fekk fri, men kunne gjere lett arbeid for seg sjølve, fram mot moderne tid.
I Den norske kyrkja er feiringa av dagen flytta til Kristi openberrings sundag.
[endre] Sjå òg
- Juleevangeliet
- Julekrybbe - nokre gonger med heilage tre kongar