Festdagsreduksjonen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Festdagsreduksjonen (heilagdagsreforma), som vart utarbeida av Struensee og vedteken den 26. oktober 1770, førte med seg ei halvering av religiøse markeringar i Danmark og Noreg. Mange av heilagdagane som var fastsette i kong Kristian den femtes norske lov vart anten avskaffa heilt eller flytta til næraste søndag.
Forordninga er norsk lov og tatt med i norske lovsamlingar til og med 1965.
[endre] Dagar som vart avskaffa som fest- og heilagdagar
- Tredje juledag,27. desember
- Heilage tre kongarsdag, 6. januar.
- Kyndelsmesse, 2. februar
- Tredje påskedag.
- Tredje pinsedag.
- Jonsokdag, 24. juni.
- Maria besøksdag, 2. juli.
- Mikkelsmesse, 29. september
[endre] Festdagar som vart flytta
- Maria Bodskapsdag, 25. mars vart lagt til femte søndag i fasten.
- Helgemesse, 1. november vart lagt til fyrste søndag i november.
[endre] Heilagdagar utanom søndagar som var att i Danmark og Noreg
- Fyrste juledag
- Andre juledag
- Nyårsdagen
- Skjærtorsdag
- Langfredag
- Andre påskedag
- Bededagen
- Helgetorsdag
- Andre pinsedag