Helleristingsområdet i Tanum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helleristingsområdet i Tanum (svensk språk: Hällristningsområdet i Tanum) er eit område i Tanums kommun i Bohuslän i Sverige. I området har ein funne fleire fjellholer med store mengder helleristingar frå bronsealderen. Kring den største av dei, Vitlyckehällen, er Vitlycke museum bygd opp.
Ein har funne nærare 300 innhogne figurar og kring 170 skålgroper. Den kanskje mest vidgjetne framstillinga er det såkalla "brudparet" (brureparet). Ved Litsleby finst det ei helleristing ein kring 2,3 meter lang mann væpa med spyd, "spjutguden". Ved Aspeberget finst det ei framstilling av pløying, i tillegg til oksar og skip. Hellene ved Fossum ligg noko frå dei andre. Kanskje er desse laga av berre ein person, på grunn av at dei har nokolunde sams kunstnarleg stil.
Helleristingsområdet er teke med på UNESCO si liste over verdsarv. Verdsarvkomiteen tok med området ut frå ei grunngjeving av at det gjev "eit vitnesbyrd om livet under europeisk bronsealder".
I nyare tid har helleristingane vorte måla for å gjera dei tydelegare. Det er ikkje kjend om dei var måla i frå starten av.
Den planlagde motorvegen E6 går gjennom området. Svenska Vägverket vil ikkje byggja ein omveg kring området. Bygging av ein omveg ville ta vekk vinsten i reisetid. Ein vil i staden prøva å minska skadeverknadane av vegbygginga, som etter planen vil la til kring 2008.
[endre] Lenkjer ut
- Riksantikvarieämbetet - Hällristningsområdet i Tanum på http://www.raa.se
- Rock Carvings in Tanum UNESCO World Heritage Centre på http://whc.unesco.org