Helsingfors Tunnelbana
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helsingfors Tunnelbana, eller Helsingin Metro, eller metro, som det blir kalla, er det einaste tunnelbanesystemet i Finland. Det er den nordlegaste tunnelbanen i verda. Banenettet er ei line i aust-vestleg retning, som forgreinar seg ein gong, i den austlege delen. Det er 16 stasjonar, 8 over og 8 under jorda. Toga går enten mellom Gräsviken (fi. Ruoholahti) og Mellungsbacka (Mellunmäki) eller mellom Nordsjö (Vuosaari) og Gräsviken, sporet forgreiner seg ved Östra Centrum (Itäkeskus).
Metroen vart opna i 1982, som eitt spor frå Östra Centrum til Hagnäs (Hakaniemi). Året etter opna dei Järnvägstorget (Rautatientori) og Kampen (Kamppi) også. I 1988 vart sporet forlenga til Mellungsbacka, og til Gräsviken og Nordsjö på 90-talet.
The metro system is operated by the city-owned Helsinki City Transport (HKL, Helsingin kaupungin liikennelaitos).
Innhaldsliste |
[endre] Teknologi
Det er to ulike modellar av togsetta i drift. 100-serien vart bygd av Stromberg seint på 1980-talet, og den nye 200-serien vart bygd av Bombardier og har vore i bruk sidan 2002. Dette gjer Helsingfors-metroen til eit moderne metrosystem.
Toga skal bli automatisert i 2008, og informasjonssystemet for passasjerane vil bli oppdatert samtidig.
[endre] Planlagde utvidingar
Det har i fleire år versert planar om forlenging vestover, til Esbo, som Västra metron, Länsimetro. Forlenginga skulle vere eit samarbeidsprosjekt mellom staten og dei to involverte byane, men Esbo har så langt vore mot ei forlenging. Det er også planar om å knyte Böle (Pasila) nord for sentrum til metroen, via Tölö (Töölö).
[endre] Sjå også
- Liste over T-banestasjonar i Helsingfors
- Helsingfors
[endre] Eksterne lenkjer