Henrik Sjøfararen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Sjøfararen (4. mars 1394–13. november 1460) Portugisisk Henrique o Navegador, var ein portugisisk prins kjend for å ha støtta dei første portugisiske oppdagingsferdene langs vestkysten av Afrika .
Han var son av kong Johan I av Portugal og deltok i 1415 i erobringa av Ceuta i Nord-Afrika, der han vart guvernør. I 1419 vart han òg guvernør for provinsen Algarve i Portugal og i 1420 stormeister i Kristusordenen. Han tok initiativ til fleire portugisiske oppdagingsferder. Mellom anna til Azorane, Kapp Verde, Senegal og Gambia. Han var ikkje personleg med på ferdene, men stod for organisering og finansiering.
![]() |
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |