Senegal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Fransk: Un peuple, un but, une foi (eit folk, eit mål, ei tru) |
|||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Fransk | ||||
Hovudstad | Dakar | ||||
Styresett |
Republikk Abdoulaye Wade Macky Sall |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
196 190 km² (87.) 2,1 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
11 126 832 (73.) — 57/km² (115.) |
||||
Sjølvstende - År |
Frå Frankrike 1959 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
20 482 mill. USD (109.) 1 914 USD (146.) |
||||
Valuta | CFA-franc | ||||
Tidssone | UTC | ||||
Nasjonalsong | Pincez Tous vos Koras, Frappez les Balafons | ||||
Nasjonaldag | 4. april | ||||
Internasjonal telefonkode | +221 | ||||
Nasjonale toppdomene | .sn | ||||
Senegal er ein republikk i Vest-Afrika. Landet grensar til Gambia i vest, Mauritania i nord, Mali i aust og Guinea og Guinea-Bissau i sør.
[endre] Klima
Senegal har eit tropisk klima med regntid frå juni til september og tørke i tida mellom. Temperaurene held seg høge året gjennom, men vert litt lågare frå desember til april.
Regnmengdene aukar frå nord til sør, og dei nordlege områda av landet er påverka av den intertropiske konvergenssona med skyer og regn mellom juni og september. I løpet av desse månadane regner det likevel berre 20-30 dagar, og den årlege nedbørsnormalen er rundt 300-350 mm. I sør aukar den årlege nedbøren til mellom 1000 og 1500 mm, og det regnar om lag 60-90 dagar i regntida. Her strekk regntida seg inn i oktober. Dakar mellom desse to områda og har ein årleg nedbørsnormal på 542 mm. Dei nordlege områda av Senegal ligg i utkanten av Sahara, og er eit tørt område.
I tørketida bles det stort sett ein nordaustleg vind, kalla harmattan, og denne kan føre med seg sand og støv som set ned sikta. I dei indre områda er fukta mykje lågare i denne tida, og tempeaturane mykje høgare enn ved kysten. Nattetemperaturane er derimot lågare.
Vest-Afrika |
Benin | Burkina Faso | Elfenbeinskysten | Gambia |Ghana | Guinea | Guinea-Bissau | Liberia | |
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |