Henry Aas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Aas (1903–1977) var ein NKP-politikar frå Stord. Han var kjend som ein av dei mest framståande kommunistiske ideologane i lokalsamfunnet. Han jobba ved Stord Verft.
I 1931 var Aas elev ved Lenin-skulen i Moskva, ein skule som berre har hatt rundt 40 norske elevar. I 1937 vart han vald inn i kommunestyret på ei felleslista med Arbeidarpartiet, og sat truleg i kommunestyret i fleire periodar. Han var i ein periode sentral i utgjevinga av partiavisa Sunnhordland Arbeiderblad saman med Torborg Nedreaas og Anders Rekve. Avisa byrja som eit valprogram for kommunistane i desember 1945 og vart utgjeven sporadisk fram til 1959.
Under krigen sat Aas i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen frå 1942 til 1945 grunna sine politiske sympatiar. I følgje soga vart han pågripen etter ei filmframsyning, der han skal ha kalla ein tysk propagandafilm for «løgn og forbanna dikt».