Holger Danske
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Holger Danske er ein dansk sagnhelt med opprinning i eldre europeiske kvad og heltedikt som går under nemninga chansons de geste. Han vart først nemnd med namnet Oger le Danois i Rolandskvadet frå midten 1000-talet, der han tener som ryttar under Karl den Store.
Frå byrjinga av det trettande hundreåret finn ein kvadet "La Chevalerie d'Ogier de Danemarche", der Holger no er vorten hovudpersonen. I dette kvadet er han son av danske kong Gudfred og vert utlevert til franske kong Karl den Store som fredsgissel. I framhaldet av kvadet bryt Gudfred fredsavtalen, og det vert bestemt at Holger (Ogier) skal mordast. Men ryttaren vert redda av hoffdamene til Karl den Store som bed kongen inntrengande om å spare livet has. Sidan han ikkje er skuldig i faren sine handlingar sparar franskekongen livet has. Seinare i same hundreåret vert Ogier framstilt som ein vyrd ryttar i hoffet hjå Karl den Store i kvadet "Les Enfaces Ogier". I endinga av det kvadet er det Ogier av Danmark som leiar franskmenna til siger over saracenarane.
Det første ein ser av Holger Danske i nordisk litteratur er i Karlemagnússaga, inspirert av dei franske sogene. Her har han fått namnet Oddgeir Danski.
Det finnes eit utal vandrehistoriar om Holger Danske, til og med i det tradisjonelle marionett-teateret på Sicilia, der han vert framstilt som ein helt grunna Rolandskvadet.
Under romantikken vart figuren gjeve nytt liv i Danmark i ei nasjonalromantisk drakt, mellom anna av B.S. Ingemann: link til Kalliope. I seinare tid har den danske forfattaren Ebbe Kløvedal Reich nytta figuren i si gjendikting av den danske historia.