Romantikken
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romantikken var ei retning innan kunst og filosofi som strekte seg frå rett før 1800 og framover minst eitt halvt hundreår. Ho la vekt på fridom for kjensler og fantasi og fridom frå reglar, anten dei gjaldt samfunnet eller klassisk kunst. Fleire av idéane frå romantikken la grunnlaget for det moderne samfunnet.
Utgangspunktet for romantikken har vore tema for litteraturvitarar og historikarar gjennom heile 1900-talet. Det er framleis stor usikkerheit rundt opphavet til retninga, men det er gjerne to faktorar ein snakkar om: Opprør mot opplysningstida og klassisismen sine ideal om fornuftstru og orden, og somme av idéane frå den franske revolusjonen i 1789. Den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau var mellom grunnleggjarane av retninga, og han stod høgt i kurs hos mange under og etter revolusjonen. Han meinte at ein måtte «tilbake til naturen»; det vil seie det opphavlege og naturlege, og at eit sunt styre derfor måtte byggje på vanlege (naturlege) menneske, altså demokrati.
Romantikken kom til Noreg frå Tyskland først på 1800-talet. Effekten av romantikken i Noreg blei forsterka av at me gjekk ut av unionen med Danmark (som me hadde vore i union med sidan 1400-talet), og at ein derfor var på leit etter det ekte norske i natur og språk med vidare.
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |