Honolulu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Honolulu (hawaiisk: strand i ly eller plass med ly) er hovudstad og den største byen i den amerikanske delstaten Hawaii. Det er òg den viktigaste hamna der. Byen ligg langs den søraustlege kysten til øya Oahu.
Hamna på Honolulu vart kalt Kulolia før ikkje-hawaiiarar kom til øya. Den første utlendingen var kaptein William Brown, som kom med det engelske skipet «Butterworth» i 1794. Han kalte hamna Fair Haven. Andre utanlandske kapteinar begynte å kalle ho Brown’s Harbor. Namnet Honolulu vart seinare tatt i bruk.
Honolulu vart fort den viktigaste hamna på Hawaii. På den tida var sandeltre ei stor eksportvare. Honolulu var òg ein stad der kvalfangarar tok om bord nye forsyningar.
Kamehameha III gjorde Honolulu til hovudstad i kongeriket Hawaii i 1850. Det var òg hovudstad i republikken Hawaii og territoriet Hawaii. Honululu vart verande hovudstad da Hawaii vart amerikansk delstat i 1959.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |