Hawaii
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Kallenamn: The Aloha State | |||
![]() |
|||
Hovudstad | Honolulu | ||
Største by | Honolulu | ||
Guvernør | Linda Lingle | ||
Offisielle språk | Hawaiisk og engelsk | ||
Storleik | 28 337 km² | ||
- Areal, land | 16 649 km² | ||
- Areal, vatn | 11 672 km² (41,2%) | ||
Folketal (2000) | 1 211 537 | ||
Folketettleik | 42,75 /km² | ||
Sambandsstat sidan | 21. august 1959 | ||
Forkorting | HI |
Hawaii (hawaiisk Hawai‘i) er ei øygruppe i Stillehavet og ein delstat i USA. Hovudstaden og største by er Honolulu. Hawaii blei ein amerikansk delstat den 21. august 1959, og er dermed den nyaste i USA.
Delstaten har rundt 1,26 millionar innbyggjarar (2003) og to offisielle språk; det polynesiske hawaiisk og hawaii-engelsk, med hawaii-pidgin som eit uoffisielt hovudspråk.
Hawaii er òg den einaste øystaten i USA, og den einaste som fortsatt er i vekst, på grunn av vulkansk aktivitet. Delstaten er sett saman av ei 2 450 km lang kjede av øyar og atoll. Åtte av øyane er relativt stora: Øya Hawaii, Kahoolawe, Maui, Lauai, Molokai, Oahu, Kauai og Niihau.
Øyane har tropisk klima og fine strender, og mottek mykje turisme frå fastlands-USA og frå Japan.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
[endre] Vulkanøyane
Øyane er blitt til gjennom vulkanaktivitet, truleg på grunn av den nordvestlege rørsla til den tektoniske Stillehavsplata. Fleire vulkanar er fortsatt aktive, og nye oppstår stadig. I følge hawaiisk tradisjon er det vulkangudinna Pele som står for utbrota.
Dei høgaste fjella på Hawaii er Mauna Kea (4 205 m. o. h.) og vulkanen Mauna Loa (4 176 m. o. h.)
[endre] Byar
Den største byen Honolulu på Oahu har rundt 372 000 innbyggjarar (2003). Neste i rekkja er Hilo, største byen på øya Hawaii, der det bur 41 000.
[endre] Historie
Antropologiske teoriar går ut på at polynesarar frå Marquesas og Selskapsøyane først gjekk i land på Hawaii for 1500 år sidan. Desse første busetjarane haldt på minnene om migrasjonen gjennom munnleg overlevering. Dei hadde lite kontakt med andre polynesiske grupper i denne tidlege migrasjonsfasen, og utviklinga av Hawaii til eit innvikla samfunn fann stad så godt som isolert.
Ulike uklåre rapportar frå europeiske oppdagarar kan tyda på at Hawaii blei oppdaga før 1778, men dette året fann James Cook og mannskapet hans utan tvil øygruppa. Dei skreiv ned dei geografiske koordinatane og gav Hawaii namnet Sandwichøyane til ære for jarlen av Sandwich, John Montagu, som hadde hjulpe han økonomisk med reisa.
Tendensen på øyane hadde vore at eit stadig minkande tal hovdingar blei herskarar over stadig større rike. Ein serie krigar som tok slutt i 1795, og fredeleg overgjevnad av Kauai i 1810, førte til at øyane blei sameinte til eitt rike. Den nye herskaren blei kalla Kamehameha den store. Etterkomarane hans skulle herska over øyriket fram til 1893, då eit USA-støtta kupp avsette dronning Lili'uokalani og gjorde øyriket til ein uavhengig republikk.
USA annekterte Hawaii den 7. juli 1898 som eit amerikansk territorium. Over seksti år seinare, i 1959, fekk det status som delstat.
[endre] Kjende folk frå Hawaii
- Henry J. Kaiser, industrialist
- Bette Midler, songar og skodespelar
- Duke Kahanamoku, symjar og OL-vinnar
Delstatar i USA | ![]() |
---|---|
Alabama | Alaska | Arizona | Arkansas | California | Colorado | Connecticut | Delaware | Florida | Georgia | Hawaii | Idaho | Illinois | Indiana | Iowa | Kansas | Kentucky | Louisiana | Maine | Maryland | Massachusetts | Michigan | Minnesota | Mississippi | Missouri | Montana | Nebraska | Nevada | New Hampshire | New Jersey | New Mexico | New York | Nord-Carolina | Nord-Dakota | Ohio | Oklahoma | Oregon | Pennsylvania | Rhode Island | Sør-Carolina | Sør-Dakota | Tennessee | Texas | Utah | Vermont | Virginia | Washington | Vest-Virginia | Wisconsin | Wyoming | |
Territorium som ligg direkte under føderaladministrasjon: Amerikansk Samoa | Guam | Nord-Marianane | Puerto Rico | Dei amerikanske Jomfruøyane | Washington, D.C. |