Hurva-synagogen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hurva-synagogen var hovudsynagogen i Jerusalem på 1500-talet, og kanskje tidlegare. Han var bygd nærme ruinane av ein tidlegare synagoge tradisjonelt tillagt den rabbinske autoriteten Moses ben Nahman (Nahmanides, haRamban). Hurva-synagogen vart stengd av dei daverande osmanske styresmaktene i 1589 etter muslimsk press. I 1700 vart eigedommen kjøpt av rebbi Yehuda Chasid og dei par hundre tilhengarane hans. Dei byrja på nybyggjinga av synagogen ein del år seinare, men kom i økonomisk uføre, og synagogen med sine 40 torárullar vart nedbrent av muslimske kreditorar i 1721 — derav namnet «hurva», som tyder ‘øydeleggjing’ på hebraisk. Synagogen vart seinare atteroppbygd att av askenasiske sionistar på 1830-talet og atterinnvigd i 1864 som den mest høgprofilerte synagogen i Jerusalem. Da synagogen vart teken av Den arabiske legionen frå Jordan under slaget om Gamlebyen i Jerusalem i 1948, sprengde dei honom i lufta med dynamitt for å vise at dei kontrollerte Det jødiske kvarteret.