Jordan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg namnet Jordan
|
|||||
Nasjonale motto: Ingen | |||||
![]() |
|||||
Offisielle språk | Arabisk | ||||
Hovudstad | Amman | ||||
Styresett |
Monarki Abdullah II av Jordan Marouf al-Bakhit |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
92 300 km² (112.) 0,01 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
5 759 732 (104.) — 22/km² (150.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Storbritannia 25. mai 1946 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
26 741 mill. USD (99.) 4 615 USD (106.) |
||||
Valuta | Jordansk dinar | ||||
Tidssone | UTC +2 | ||||
Nasjonalsong | As-salam al-malaki al-urdoni | ||||
Nasjonaldag | 25. mai | ||||
Internasjonal telefonkode | +962 | ||||
Nasjonale toppdomene | .jo | ||||
Jordan er et land i Midtausten. Landet grensar til Syria, Irak, Saudi Arabia, Israel, og Vestbreidda av Jordanelva.
Jordan er eit monarki, med ei sterk makt lagt til kongen Abdullah II av den hashemittiske kongeslekta. Slekta kan førast attende til profeten Muhammed.
Før sjølvstendet i 1946, var Jordan saman med Israel, eit mandatområde frå Folkeforbundet som vart styrt av Storbritannia. Området gjekk under namnet Transjordania.
Etter seksdagarskrigen med Israel i 1967 mista Jordan områda vest for Jordanelva. Områda vart okkupert av Israel.
En stor del av dei som bur i landet er palestinarar.
[endre] Klima
Sjølv om Jordan ligg mindre enn 150 km får Middelhavet har landet eit tørt klima. Berre dei vestlege åssidene får noko særleg nedbør, enkelte stader så mykje som 800 mm i året, men enkelte regnbyger streifar innom dei austlege ørkenområda eit par gongar kvar vinter. Som i nabolandet Israel, kan dei nordvestlege høgdedraga få episodar med snøfall om vinteren. Sommaren er solrik og tørr over heile landet, og ubønnhørleg varme kan spre seg vestover frå ørkenområda med ein vind kalla khamsin. Amman har ein årleg nedbørsnormal på 278 mm, men berre 10 av desse kjem i mai og oktober, og ingenting frå juni til september.
Både temperaturen og fukta aukar når ein nærmar seg Raudehavskysten. Her finn ein område som ligg meir enn 350 m under havnivå. Langs kystlinja, og i Riftdalen, som går nordover frå Raudehavet og sørover til Al Aqabah, kan sommarvarmen vere brutal. Temperaturan går sjeldan under 26ºC med høg relativ fukt om natta. Dagtemperaturen ligg normalt over 35ºC, men kan godt gå over 45ºC i juli og august. Dalen kan òg få høge temperaturar om vinteren, men som regel er det meir behageleg her då.
Vest-Asia |
Afghanistan | Armenia | Bahrain | Georgia | Irak | Iran | Israel | Jordan | Kuwait | Kypros | |
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |