Ingebrigt Vik
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ingebrigt Vik (fødd 5. mars 1867, død 22. mars 1927) var ein viktig norsk bilethoggar.
Vik er rekna som ein av Noreg sine største bilethoggarar. Han vart født og vaks opp i Øystese og byrja som treskjerar i møbelverksemda til faren. Han utdanna seg som kunstnar i København og Paris. Mange av arbeida hans er utstilt i eit eige museum i sentrum av Øystese. «Ung Pike» (1903) og «Ynglingen» (1913) er utstilt i Nasjonalgalleriet. I teaterparken i Bergen er statuen av komponisten Edvard Grieg (1915) sett opp i bronse.