Ivar Formo
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Formo (fødd 24. juni 1951, død 26. desember 2006) var ein tidlegare norsk langrenns- og orienteringsløpar. Han vann OL-gull på 50 km i Innsbruck i 1976 og tok bronse på 15 km i OL i Sapporo i 1972. Som stafettløpar tok han to OL-sølv og to VM-bronser. Som orienteringsløpar tok han bronse i VM-stafetten 1974. Ivar Formo ble tildelt Egebergs ærespris i 1973 og Holmenkollmedaljen i 1975. Han var medlem av Ski- og fotballklubben Lyn.
Formo ble rundt klokka 22 26. desember 2006 funne drukna i Store Sandungen i Nordmarka utanfor Oslo etter ein jogge- og skøytetur tidlegare på dagen.