Orientering
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg avisa Orientering
Orientering er ei idrettsgrein som går ut på å springa, gå, sykla eller gå på ski i ulendt terreng, og orientera seg ved hjelp av kart og kompass. I eit orienteringsløp er det viktig å koma seg i mål fortast mulig, men meir hobbyprega orientering kan gå ut på å samla orienteringsmål i ro og mak. Dette kalles Tur-orientering.
Orienteringsløparar skal finna visse kontrollpunkt i ei viss rekkefølge, men kan sjølv fritt velga løypa si. I tillegg til å vera i god form er det altså viktig å kunne lesa kart og å planleggja.
Idrettsforma oppstod i Skandinavia på 1800-talet, som ein måte å trena soldatar på. Ho blei først ein konkurranseidrett i Sverige i 1919. Utviklinga av meir nøyaktige kompass i 1930-åra gjorde orientering meir populær, og det første norgesmeisterskapet blei arrangert i 1937. Norges Orienteringsforbund blei stifta 2. oktober 1945.
Idretten er blitt populær i Noreg, og er ein av sommersportane der det norske landslaget har teke mange VM-medaljar. Rundt 30 000 nordmenn driv aktivt med orientering[1].