Jacob Jervell
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jacob Stefan Jervell (fødd 21. mai 1925) er ein norsk teolog, professor emeritus, forfattar og prest.
Jervell blei dr.theol. på avhandlinga Imago Dei i 1959, og var frå 1960-1988 professor i bibelvitskap ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Frå 1997 har han i ein treårsperiode gjort teneste som Professor II ved Universitetet i Tromsø. Han har òg hatt gjesteprofessorat blant anna ved universiteta i Yale, USA og i Århus, Danmark.
Jervell takka i 1978 nei til førespurnaden om å bli biskop i Den norske Kyrkja. Han er internasjonalt kjend som ekspert på nytestamentlege skrift, og er ein av Noregs mest markante teologar og samfunnsdebattantar. I deler av kyrkja blir han rekna som kontroversiell - og tilhøyrer den såkalt «liberale fløya».
Jervell er no busett i grenda Seterstøa i Nes på Romerike, men han har også ofte tilhald i husveret sitt i Industrigata, Oslo.
[endre] Heidersteikn
- Riddarkrossen av St. Olavs Orden, tildelt 25. august 2000