James Brown
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
James Joseph Brown jr. (3. mai 1933–25. desember 2006) var ein amerikansk artist som er anerkjend som ein av dei mest innflytelsesrike innan musikken i det 20. århundret. Brown var kjend som både sangar, låtskrivar, bandleiar og musikkprodusent, og han var ein markant figur i utviklinga av gospel- og blues til soul og funk. Han la også igjen spor innan andre musikksjangrar, som til dømes rock, jazz, reggae, disco, dance, elektronisk musikk, og hip-hop.
Brown byrja si musikalske karriere i 1953, og vart verdsberømt mot slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet på grunn av sine imponerande konsertopptredener og ei rekkje slagerar. Trass i ein rekkje personlege problemar og tilbakeslag, haldt han fram med å produsere slagerar kvart tiår til og med 1980-talet. Brown var óg aktiv innan den amerikanske politikken på 1960- og 1970-talet, særskild for hans engasjement for afroamerikanarar og fattige, og hans støtte til Richard Nixon.
Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over musikkspirer. |