Jerpe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jerpe |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Systematikk | ||||||||||||||
|
Jerpe (Bonasa bonasia) høyrer til skogshønsfamilien.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Kjønna er temmeleg jamnstore. Vaksne fuglar veg 400 gram og har ei lengd på 35 cm. Fjørdrakta er grå- og brunspralga med eit karakteristisk svart band ytst på halefjøra. Vengene er ganske stutte, og det er derfor vanleg at dei lagar mykje støy når dei fer opp.
[endre] Forplanting
Jerpa er utprega monogam. Pardanninga skjer allereie om hausten, og i mai månad legg hoa 7-12 egg i ei djup grop innmed ein stubbe eller tre. Rugetida er på 24–25 døgn. Hannen held seg innan samme revir heile sommaren.
[endre] Forvekslingsart
Jerpa kan vanskeleg forvekslast med anna fugl. Ei orrhøna kan i hastig oppflukt minne om jerpe og omvendt, men forskjell i storleik og åtferd gjer at slik forveksling sjeldan skjer.
[endre] Åtferd
Jerpekulla vert oppslitta allereie tidleg på hausten. Etter det opptrer dei helst parvis og held seg gjerne innafor samme området heile vinteren. Når jerpa lettar, flyr ho sjeldan langt, set seg helst inn i eit tre i nærleiken før ho flyttar seg vidare.
[endre] Utbreiing
Jerpe er vanleg på Austlandet og i trøndelagsfylka, men bestanden er i tilbakegang. Som leveområde føretrekk ho stadar med fuktigheit og mykje kjerr og lauvskog, dette finn ho i små bekkedrag og senkingar i terrenget. Jerpa er eit ynda jaktobjekt, både på grunn av det fine kjøttet og fordi ho er lett å ta.