Johan Daniel Berlin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Daniel Berlin (12. mai 1714–4. november 1787) var ein norsk komponist, organist og bymusikar.
Berlin vart fødd i den prøyssiske byen Memel, i det noverande Litauen. Han reiste til København i 1730, og lærde hjå bymusikaren Andreas Berg dei neste sju åra. Frå 1737–1767 var han bymusikar (stadsmusikant) i Trondheim. Berlin var òg organist i Nidarosdomen (1741–1787) og Vår Frue kirke (1752–1761).
Berlin komponerte ein heil del, men berre få av verka hans er tekne vare på; tre sinfoniaer i D-dur for orkester, ein fiolinkonsert i A-dur og nokre småstykke for cembalo.