Johan Turi
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Turi (1854–1936) reknast for å vere den første samiske forfattaren.
Turis første bok, Muitalus sámiid birra, er framleis sannsynlegvis det mest kjende samiske verket, det er omsett til over 10 ulike språk, m.a. til svensk, dansk, engelsk, tysk og japansk.
Ei viktig inspirasjonskjelde for Turi var den danske antropologen Emilie Demant Hatt, som sette han på ideen om å skrive ei bok om samane, og som også omsette den til dansk.
Dei siste åra har det vore meir merksemd om Johan Turi, m.a. hadde universitetet i Umeå symposiumet INDIGENOUS AUTHOR - INDIGENOUS AUTHORITY med Turi som tema i april 2004, og ein film om han hadde premiere i Kiruna 3.11. 2005.
[endre] Bibliografi
- 1910: Muitalus sámiid birra
- 1920: Sámi deavsttat – samiska texter
- 1931: Duoddaris – från fjället
[endre] Bakgrunnsstoff
- Sápmi-net om Turi (også med bilete)
- Kuutma, Kristin 2003: Collaborative ethnography before its time: Johan Turi and Emilie Demant Hatt.
Scandinavian Studies, June, 2003