Jukagirske språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jukagirske språk er ein liten språkfamilie som består av berre to språk, nordjukagirsk og sørjukagirsk. Dei jukagirske språka er ikkje forståelege seg i mellom, men i slekt med kvarandre. Slektskap med andre språkfamiliar har det ikkje vore mogleg å fastslå, sjølv om det finst dei som vil slå dei saman med dei uralske språka til ein jukagirsk-uralsk familie. Jukagirsk blir dermed ofte rekna som eit paleosibirsk språk, dette er ei eining basert på geografiske heller enn genetiske kriteria.
Dei jukagirske språka blir snakka i dei nordaustlege delane av Sibir, langs Kolymaelva.