Karbonadesmørbrød
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karbonadesmørbrød er ein smårett som er vert bydd fram på mange ulike serveringsstadar i Noreg, til dømes på veikroer, ferjer og vertshus, men også på hovudstadsrestaurantar som Theatercaféen. Kalde karbonadesmørbrød høyrer også ofte med i ulike cateringmenyar, og det har vorte eit vanleg innslag på sjukehusmenyar, ofte til dømes som kveldsmat på laurdagar.
[endre] Tillaging
Som underlag for smørbrødet brukar ein naturleg nok ei skive brød, ofte ein kneippbrød-variant, eller ein kan bruka loff om ein vil. Brødskiva smører ein med meierismør og så legg ein på eit blad grøn salat, gjerne crispisalat eller ei blanding med til dømes litt ruccolasalat, men det vanlegaste no er nok rapidsalat. Så legg ein karbonada på og pyntar med mjuksteikt løk, tomatbåtar, sylteaugurk og persilledusk.
Ein annan variant er å servere karbonadesmørbrødet med speilegg, då er tomatketsjup eit vanleg tilbehøyr. I Trøndelag er det vanleg å servera karbonadesmørbrødet med ertestuing og steikte poteter attåt.
[endre] Matkvalitet
Avgjerande for kvaliteten på karbonadesmørbrødet er karbonada. Det som vert servert på dei fleste enklare serveringsstadane er som oftast heilfabrikata som kjem heilt ferdiglaga frå kjøttindustrien. Av stadar med litt høgare kvalitet må ein kunna venta at dei lagar eigne ferske karbonader, helst også at dei har heimebakt brød.
Det er ofte for mykje av både salt og feitt i heilfabrikata, og når denne maten også vert servert med så lite grønnsaker til som karbonadesmørbrøda vert er det ikkje tale om helsesam kost. Om ein i staden lagar sine eigne karbonader av karbonadedeig eller kjøttdeig av til dømes vilt og brukar meir grønnsaker til kan eit karbonadesmørbrød verta både eit godt og sunt måltid.