Kartago
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kartago var ein oldtidsby ved kysten av Nord-Afrika, sør for Tunis-sjøen i det som i dag er Tunisia. Byen er kjend for å ha blitt jamna med jorda av romarane etter punarkrigane i 146 f.Kr. Han blei gjenoppbygd av Julius Cæsar og Augustus, og i den romerske keisartida var Kartago den viktigaste byen i Nord-Afrika saman med Alexandria.
Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over historiespirer. |