Kasein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kasein er det dominerande fosfoprotein som finst i frisk mjølk. NÅr kasein koagulerast med løpe, vert det av og til kalla parakasein. I fri tilstand i mjølk, er det eit kalsium-salt. Kasein vert ikkje koagulert ved varme åleine. Det kan fellast ut ved hjelp av syrer og løpe, eit proteolytisk enzym frå kalvens mage.
Kasein består av eit ganske stort tal prolin-peptid som ikkje verkar på kvarandre. Det er heller ingen disulfidbruer. Som resultat av dette har kasein relativt lite sekundær- og tertiærstruktur. Dermed denaturerer det heller ikkje særleg lett. Ein annan konsekvens er at hydrofobe grupper hamnar på utsida av proteinet og gjer det uløyseleg i vatn. I mjølk er kaseinet derfor i ein suspensjon av miceller som vert halde saman av kalsiumion.
I tillegg til å bli drukke i form av mjølk, vert kasein brukt i lim, bindemiddel og som beskyttande belegg. Reint protein er uløyseleg i vatn og nøytrale saltløysningar, men løyser seg lett i alkaliske løysningar o gi natriumoksalat og natriumacetat.
Ved fordøying av kasein vert det danna peptidsekvensar som kalles casomorfiner. Nokre menneske med autisme, ADHD og Aspbergers syndrom er sensitive mot casomorfiner og gluten-peptider.
[endre] Se også
- Kasintempera ein maleteknikk, der kasein inngår som emulgator i bindemiddelet.