Mjølk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mjølk er namnet på væska som hopattedyr lagar for dei nyfødde ungane sine. Menneske drikk morsmjølk som barn, men mange drikk seinare òg mjølk frå andre dyr, særleg kyr, men òg frå mellom anna sauer, geiter, reinsdyr og jakar.
Mjølka frå kvar art har ulik samansetjing, men har òg mange fellestrekk. Ettersom drikken skal gje styrke til små pattedyr som skal veksa, er han svært næringsrik. Mjølk inneheld særleg proteinar og feitt, i tillegg til laktose, vitaminane A, B og D, og mineral som kalsium og selen.
Feitt i mjølka dannar eit lag som vil flyta til topps om ho får stå. Dette laget blir gjerne skilt ut som fløyte.
Innhaldsliste |
[endre] Behandling
I dag er det vanleg å behandla mjølk på meieri før ho vert seld. Ho vert ofte separert i skummamjølk eller lettmjølk og fløyte, pasteurisert, standardisert og homogenisert. På meieria foredlar ein òg mjølk til ulike mjølkeprodukt. Tidlegare skjedde behandlinga av mjølk på gardane der ho vart laga, men no er dette ganske uvanleg.
[endre] Bruk
Fersk mjølk kan drikkast åleine eller i ulike drikkar, som bi- eller hovudingrediens. I milkshake og kakao er mjølka viktig, medan det er valfritt om ein vil ha ein liten skvett oppi teen eller kaffien sin.
Mjølk og mjølkeprodukt er òg viktige i matlaging, til dømes i graut, puddingar og kaker med krem.
[endre] Mjølkeprodukt
- Ved å tilsetja ulike bakteriekulturar kan ein laga rømme, kvarg, jogurt og kefir.
- Ved å rista fløyte får ein krem og smør.
- Ved å få mjølka til å skilja seg kan ein få fram eit utal ulike ostetypar.
[endre] Helse
Det er omstridd om kumjølk er bra for menneske, og mange reagerer på laktose eller mjølkeprotein. Alternativ til mjølk frå dyr blir laga av mellom anna ris, soya, mandel og havre. Fersk geitemjølk skal ogso vera bra, særleg for nyfødde som ikkje kan få morsmjølk.