Ketisk språk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ketisk er eit isolatspråk med ca 550 talarar (48 % av ketarane), som blir snakka i Turukhansk og Bajkit-rajonane i Krasnojarsk kraj. Ket hadde tre slektspråk, språket jugh, språket kott og pumpokol, som alle er utdøydde.
[endre] Grammatikk
Ketisk skil seg frå alle andre sibirske språk. Der alle naboane er suffikserande språk med postposisjonar, stammeklassar heller enn bøyingsklassar, og utan genusdistinksjonar, står ket i ein klasse for seg. Det har prefiks i staden for suffiks i verbbøyinga, substantiva er delt inn i animata og inanimata, og dei animate er delt inn i maskulin og feminin. Ketisk har også tonem.
[endre] Historikk
Som alle andre minoritetsspråka i Sovjetunionen fekk ketisk eit skriftspråk på 1930-talet, men det er ikkje mykje i bruk.