Kjell Underlid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjell Underlid var formann for Norges Kommunistiske Parti mellom 1993 og 2000, fram til 1998 saman med Terje Krogh og Per Lothar Lindtner, etter det saman med Lindtner. Underlid var i ei årrekkje medlem av Sosialistisk Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, men gjekk ut av partiet i protest mot det han oppfatta som ei høgredreiing under Erik Solheim. Han gjekk ut av NKP i 2003, i protest mot eksklusjonar av andre NKU og NKP-medlemmer. Han er i dag eit sentralt medlem av Bevegelsen for Sosialisme.
Underlid er utdanna psykolog, og er sidan 2005 professor ved Høyskolen i Bergen, der han har jobba sidan 1990. Spesialfelta hans er arbeidsløyse og fattigdom.
[endre] Bibliografi
- Gruppepsykologi - Fagbokforlaget 1997
- Fattigdommens psykologi - Det norske samlaget 2005