Kristian IX av Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongehus | Glücksburg |
Dansk konge: | 15. november 1863-1906 |
Valspråk: | Med Gud for ære og ret |
Etterfylgde | Fredrik VII av Danmark |
Etterfylgjar | Fredrik VIII av Danmark |
Fødd | 8. april 1818 |
Fødestad | Gottorp Slott |
Død | 29. januar 1906 |
Dødsstad | Amalienborg Slott |
Gravlagd | Roskilde Domkyrkje |
Gift med | 1842 Louise av Hessen-Kassel |
Kristian IX (på dansk Christian IX) vart fødd den 8. april 1818 på Gottorp Slott som hertug Frederik Wilhelm av Glücksburg. I 1853 vart han peika ut som dansk tronfylgjar, då kong Fredrik VII av Danmark ikkje hadde nokon direkte tronarving. I røynda var det kona, Louise av Hessen-Kassel, som hadde arverett til trona. Ho var niese av kong Kristian VIII Fredrik av Danmark. Den 15 november 1863 vart han konge då Fredrik VII av Danmark døydde. Samstundes vart det ei ny danske kongeslekt, Glücksborgarane. Han var konge av Danmark frå 1863 til 1906. Kongeparet fekk borna: Fredrik VIII, Vilhelm (Georg I av Hellas), Valdemar, Alexandra, Dagmar og Thyra. Kristian IX er kjend som «Europas svigerfar». Heile fire av borna kom til å sitja på europeiske tronar. Alexandra vart dronning av Storbritannia, gift med kong Edvard VII av Storbritannia. Dagmar vart keisarinne av Russland, gift med tsar Alexander III av Russland (under namnet Maria Feodorovna). I 1887 avslo prins Valdemar å eit tilbod om å verta konge av Bulgaria.
Kristian IX døydde, 87 år gamal, den 29. januar 1906 på Amalienborg og vart gravlagd i Roskilde Domkyrkje i kapellet til Glucksborgarane.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |