Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg, fødd i Kristiansand 19. august 1973 som Mette-Marit Tjessem Høiby. Ho er dotter av journalist Sven Olaf Bjarte Høiby og bankfunksjonær Marit Tjessem. Ho vart gift med kronprins Haakon av Noreg i 2001.
Mette-Marit fullførte vidaregåande skule i Kristiansand og tok seinare ex. phil. ved Høgskolen i Agder. Ho arbeidde så eitt år som som servitør på Café Engebret i Oslo.
I 2002 og 2003 studerte ho bistands- og utviklingsspørsmål ved School of Oriental and African Studies ved University of London. Ho vart òg teken opp som hospitant i NORAD.
[endre] Barn
- Marius Borg Høiby, f. 13. januar 1997 (frå eit tidlegare forhold)
- Prinsesse Ingrid Alexandra av Noreg, f. 21. januar 2004
- Prins Sverre Magnus 3. desember 2005.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |