Krystall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein krystall er eit fast stoff bygd opp av atom, molekyl eller ion som er ordna i eit regelmessig, gjentakande mønster i alle retningar.
Som regel vil væsker danna krystallar når dei blir omdanna til faste stoff på grunn av endringar i temperatur eller trykk. Under ideelle tilhøve vil resultatet vera éin krystall der alle atoma fell på plass i den same krystallstrukturen, men som regel vil mange krystallar dannast på likt under prosessen.
![]()
Saltkrystallar. (Foto: Björn Appel)
|
![]()
Kvartskrystall. (Foto: Ken Hammond)
|