Laila
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg potetsorten Laila
Laila er eit kvinnenamn med to ulike opphav, eit samisk og eit arabisk. Det samiske namnet kjem truleg frå det finsk-samiske Aila, som kanskje svarar til Helga, altså heilag [1]. Den arabiske tydinga av namnet er natt.
Laila har namnedag den 27. februar. Namnet kan òg stavast som Lajla, Leila, Leyla eller Layla. Leila er mest brukt, med 11.948 berarar, medan dei andre har mellom hundre og trehundre berarar.
Namnet Laila byrja å bli populært i 1930-åra, med ein topp rundt 1940. Bruken gjekk nedover med noko oppgang på 60- og 70-talet, men i vår tid er det svært få som kaller barna sine det [2].
[endre] Laila i kulturen
Lajla var namnet på ein roman av J.A. Friis som skildra ei samejente. Forteljinga blei svært populær, og blei filma tre gonger.
[endre] Kjende personer som heiter Laila
- Cowboy-Laila, norsk artist
- Laila Dåvøy, norsk politikar
- Laila Freivalds, svensk politikar
- Leila K, popartist
- Leyla Zana, kurdisk politikar
[endre] Anna tyding
Leila er òg namnet på ei øy som ligg utanfor Marokko. På spansk vert øya kalla Perejil, persille. Spania og Marokko krangla lenge om kven som hadde rett til å styra øya.