Lauvsongar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauvsongar |
||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() Lauvsongar (foto: Svein Jan Hjelmeset.) |
||||||||||||||
Systematikk | ||||||||||||||
|
||||||||||||||
Vitskapleg namn | ||||||||||||||
Phylloscopus trochilus Vieillot, 1817 |
Lauvsongaren (Phylloscopus trochilus) er ein fugleart i songarfamilien. Fuglen er om lag 13 cm lang, og han hekkar frå fjøresteinane til 1000 moh. Lauvsongaren er den vanlegaste av alle fuglane i Noreg. Han kjem i april og du kan høyre songen hans heile sommaren.
Det er lett å forveksle lauvsongaren med gransongaren. Ein kan finne lauvsongaren over heile Noreg. Han likar seg nesten like godt i lauv som i barskog.
Det er vanskeleg å finne reiret til denne fuglen. Reiret ligg direkte på bakken, er overbygd og har inngang frå sida. Byggematerialet er strå og mose og det vert fôra med fjør. Hoa legg 6-7 kvite egg med raudbrune prikkar og rugar i om lag 13 dagar. Ungane er i reiret i om lag 14 dagar. Lauvsongaren kan ha eit-tre kull i mai-juni og juni-august. Han lever av insekt. Lauvsangaren er ein trekkfugl som kjem i april/mai og reiser til Sør-Afrika i august/oktober.