Leikety
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit leikety er noko som ein kan leike med, anten ein er barn eller vaksen. Dei kan vere enkle ting brukt i ein fornøyeleg aktivitet, eller dyre og innvikla saker. Medan mange leikety har svært lange tradisjonar bak seg, er andre meir moteprega, og assosierte med særskilde tiår.
Leikety er ofte mindre modellar av ting og vesen frå det verkeleg livet, til dømes av reiskap (som spann og spade, leikehammar, kjøkkensett), dyr (tøydyr eller plastikkdyr), menneske (dokker og leikesoldatar), og køyrety (som leikebilar og togsett).
Innhaldsliste |
[endre] Merkeleiker
Mange suksessrike filmar, fjernsynsprogram, bøker og idrettsformer har offisielle produkt, ofte leikety, som vert laga og selde. Blant dei mest kjende døma er Star Wars og Manchester United. Eit anna døme er eit transportselskap eigd av Eddie Stobart som byrja å produsere modelllastebilar, og no subsidierar resten av selskapet. Nye produktseriar vert i dag ofte planlagde som større kampanjar med både leikety og TV-seriar og filmar heilt frå starten av, til dømes Pokemonkort.
[endre] Vaksenleiker
Leikety hovudsakleg selde til vaksne vert gjerne marknadsført som ein måte å redusere jobbrelatert stress og kallast ofte stressfjernarar. Desse må skiljast frå «leikety for vaksne», då ein med det gjerne meiner sexleikety.
[endre] Døme
Koseleikety |
|
Konstruksjonsleikety |
|
Mekaniske leikety |
|
||
Modellbygging |
|
Leiketransport |
|
Eldre leiker |
|
Moteleiker |
[endre] Sjå òg
- Spel
- Leiketymerker
- Sexleikety
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. | |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |