Linse
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei optisk linse er ein gjennomsiktig lekam som bryt lyset slik at det enten samlast i eit brennpunkt (samlelinse eller konveks linse) eller blir spreid frå eit brennpunkt (spreielinse eller konkav linse).
På grunn av refraksjon (lysbrytning) vil lyset bli böygd, lysstrålene blir meir eller mindre sterkt samla eller spreidd alt etter den geometriske utforminga til linsa. Vanligvis har ei linse to sfæriske (kuleforma) overflater med forskjellig radius, desse linsene vil ha eit brennpunkt. Det finst også linser der overflatene har sylindrisk form, desse vil fokusere på ei line i staden for på eit punkt. Konvekse linser er tjukkast, konkave linser tynnast på midten. «Styrken» til linsa blir enten gjeve som brennvidd eller som dioptri. Tidlegare vart optiske linser alltid laga av glass, idag blir også ulike kunststoff brukt.
Det enklaste eksempelet på ei optisk linse er ei lupe, også kalt forstørringsglass. Andre eksempel er optiske mikroskop, refraktorteleskop og fotografiske objektiv. I briller blir linser brukt for å kompensere for augefeil der auget si eiga linse ikkje er i stand til å fokusere på netthinna, som regel blir ein kombinasjon av sfærisk og sylindrisk linse brukt. Langsynte vil t.d. bruke ei konveks linse.
[endre] Sjå også
- Elektronisk linse
- Gravitasjon
[endre] Kjelde
- Bokmålswikipediaen
Denne fysikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over fysikkspirer. |