Linux-kjernen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Linux-kjernen er ein fri Unix-liknande operativsystemkjerne, skriven av Linus Torvalds i 1991 og vidareutvikla av utviklarar rundt om i verda. Kjeldekoden er lisensiert under GNU GPL, og er altso fri programvare.
Linux-kjernen var opphavleg utvikla for Intel 80386-prosessoren, men har seinare vorte tilpassa mange andre plattformar, som Compaq Alpha AXP, Sun SPARC og UltraSPARC, Motorola 68000, PowerPC, PowerPC64, ARM, Hitachi SuperH, IBM S/390, MIPS, HP PA-RISC, Intel IA-64, DEC VAX, AMD x86-64, AXIS CRIS, og Renesas M32R. Han er skriven i programmeringsspråket C med innslag av GNU C-utvidingar og AT&T assembler.
Linux-kjernen er best kjend som kjernen i Linux-operativsystem. Ei utgjeving av Linux-kjernen saman med programvare vert kalla ein linuxdistribusjon.