Liverpool
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liverpool er ein by i vest i England. Byen ligg ikkje så veldig langt frå grensa til Wales, på nordsida av fjorden som vert danna av elva Mersey.
Byen er ein del av ein større tettstad i Merseyside. Tettstaden har til saman eit folketal på 1,36 millionar, av desse bur kring 440 000 i sjølve byen Liverpool (2002).
Liverpool er Storbritannias nest største eksporthavn. Han har ein god del industri, men er prega av industrinedlegging gjennom 1900-talet. Mellom dei mest kjende folka frå byen er dei som var med i musikkgruppa The Beatles. Liverpool har to store fotballag; Liverpool F.C., med heimebane på Anfield og Everton F.C. med heimebane på Goodison Park. I 2008 vil Liverpool vera Europeisk kulturhovedstad, samstundes med Stavanger.
Innbyggjarane vert kalla Liverpudlians eller Scousers. I London vert dei ofte kalla Mickeys eller Mickey Mousers, som er eit Cockney-rimslag (Scouser Mickey Mouser). Deira eige talemål vert kalla Scouse.
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |