Lysande nattskyer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysande nattskyer, og kjend som noctilucente skyer eller polarmesosfæriske skyer, er eit lysande skyfenomen som oppstår eit stykke før sola står opp eller etter sola har gått ned. Dei er mest vanleg i sommarmånadane mellom 50° og 60° nord og sør for ekvator.
Dei er dei høgaste skyene som kan oppstå i atmosfæren, og er å finne i mesosfæren i høgder på rundt 85 km. Dei er berre synlege når sola skin på dei frå under horisonten og dei lågare delane av atmosfæren er mørk.
Ein veit ikkje så mykje om dei lysande nattskyene, særleg fordi dei er så høgt oppe at fly og vêrballongar ikkje rekk så høgt. Skyer oppstår vanlegvis ikkje i så store høgder. I 2006 skal det derimot sendast opp ein satellitt (AIM) som skal brukast i forsking på slike skyer.
Tidlegare var ei forklaring at skyene kunne bestå av vulkansk oske eller meteorstøv, men i dag veit ein at dei hovudsakleg består av iskrystallar. Det kan sjå ut til at det er eit relativt nytt fenomen sidan dei først blei rapportert i 1885, like etter eit utbrot av vulkanen Krakatoa, og ein har føreslått at dei kan vere eit resultat av klimaendringar. Dr. Michael Stevens, ein amerikansk forskar frå Naval Research Laboratory, trur at utslepp frå romfartøy kan føre til lysande nattskyar.
28. august 2006 fortalte forskarar frå Mars Express-ferda at dei fann skyer av karbondioksid 100 km over planeten Mars, som likna lysande nattskyer.[1]