Lysefjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lysefjorden er ein norsk fjord som ligg i Forsand kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Kjende stader som Preikestolen og Kjerag ligg ved Lysefjorden, og sommarstid går ei turistferje heile fjorden til endes.
Oanes og Forsand ligg på kvar si side av innløpet til Lysefjorden, som er ein fjordarm av Høgsfjorden. Ytst i fjorden ligg Lysefjordbrua som einaste bru over fjorden. Inst ligg bygda Lysebotn.
[endre] Biletgalleri
Jettegryte i Lysefjorden. |
Preikestolen med Lysefjorden nedanfor. |
Ein foss i dei høge fjella ved fjorden. |